Firda.no
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
firda.no er nettportalen til Avishuset Firda. Lansert offentleg 1. februar 1998.
Frå 1998 til 2005 var innhaldet først lokale nyhende frå avisa Firda sitt dekningsområde, og med annonser og diskusjonsforum. Frå 2006 vart dekningsområdet utvida til å omfatte alle kommunane i Sogn og Fjordane fylke.
I 2006 er firda.no på www og på wap den største lokale nyheitsportalen i Sogn og Fjordane, med meir enn 1,5 millionar sidevisningar i månaden (september 2006,) og meir enn 90.000 unike brukarar.
firda.no er ein del av Avishuset Firda, og driv i nært samarbeid med den øvrige redaksjonen. firda.no har i tillegg eigen redaksjon, kanalredaktør, marknadsansvarleg og utviklar i Førde.
[endre] Redaktørar for firda.no (delegert redaktøransvar)
- 1998 - 2004 Stein Arne Ottesen (nettredaktør)
- 2006 - Arild Nybø (kanalredaktør)
Øvste redaksjonelt ansvarlege for firda.no er sjefredaktøren i Firda.