Formannskapsdistrikt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Formannsskapsdistrikt var ei administrativ eining som blei innført i Noreg gjennom formannskapslovane av 14. januar 1837. Det blei då oppretta 373 formannskapsdistrikt.
I følge § 1 av formannskapslovane skulle kvart prestegjeld i landet nå utgjera eit eige formannskapsdistrikt. På denne måten blei den kirkelige inndelinga av landet også avgjerande for den verdslege delinga og styringa.
Matrikkelloven som kom i 1853 innførte nemningane kommune og herad (herred på bokmål) som erstatting for formannskapsdistrikt.
100 år etter at formannskapslovene blei innført, i 1936), var det 682 herad (landkommunar) og 65 bykommunar i Noreg. Blant byane hadde 43 status som kjøpstad og 22 som ladestad.