Fraidy Cat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fraidy Cat - den livredde katten… er ein teiknefilm-video som kom ut i 1986. Filmen vart opprinneleg produsert av Filmation og Chanel One Home Video, medan Viking Media A/S stod ansvarleg for den norske utgjevnaden. Filmen er 80 minutt lang, og kom ut i fargar. Aldersgrensa vart sett til fem år.
[endre] Handling
Fraidy Cat er ein nevrotisk katt som har mista åtte av dei ni liva sine. Forfedrene frå dei åtte førre liva kjem tilbake til Fraidy som spøkelse kvar gong han seier eit tal frå 1 til 8, medan liv nummer ni kjem i form av ei spøkelse-sky som forsøkar å drepe Fraidy med lyn og torevêr. Videoen frå 1986 inneheld tolv samanfletta forteljingar der dei skilde forfedrene forsøker å hjelpe Fraidy ut av kniper – men utan særleg hell.