Golfball
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein golfball er ein ball særskilt laga for å spela golf med. Dagens golfballar er kjenneteikna av mange små groper på utsida for å betra flygeevna. Ballane er vanlegvis kvite, men finst òg i andre fargar, til dømes svart eller raud.
I følge Rules of Golf må slike ballar ikkje vega meir enn 45,93 gram, ha ein diameter mindre enn 42,67 mm, eller skilja seg noko særleg frå ei symmetrisk kule.
[endre] Historie
Dei første golfballane var laga av tre. Tidleg på 1600-talet tok ein så i bruk ein ball av kuskinn stoppa med gåsefjør, med eit lag måling utanpå. Denne ballen flaug så godt at han blei standardutstyr i over to hundreår.
I 1848 fann presten Robert Adams opp ein ball av guttaperka. Denne var både billigare å laga og kunne få overflata tilverka for betre aerodynamikk. I løpet av få år hadde denne ballen teke over idretten.
På 1900-talet tok ein til å laga ballar med fleire lag, først med ein massiv eller væskefylt kjerne, deretter eit lag gummi og eit tynt ytterskal. I dag lager ein ballar med to, tre eller fire lag frå ulike syntetiske material.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
Kategoriar: Ballar | Golf