Gossa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gossa (dativ Gossen) er ei øy som utgjer størstedelen av Aukra kommune i Romsdal.
Drygt 2 400 personar bur på Gossa, som er 46,5 km² i flatemål. Øya er flat og myrlendt – høgaste punktet er 98 m – og første leddet i namnet kjem da truleg av gorr, gørr – «dy», «gjørme».
Ein gassterminal som skal ta imot gass frå Ormen Lange-feltet er for tida under utbygging på Gossa, som er knytt til fastlandsdelen av kommunen via ferjesamband.
[endre] Tettstad
[endre] Ekstern lenkje
[endre] Kjelder
- Statistisk sentralbyrå: Statistikkbanken
- storenorskeleksikon.no (Kunnskapsforlaget, Oslo 2000–04)
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |