Gyldendal Norsk Forlag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gyldendal Norsk Forlag AS vart oppretta i 1925 med at det danske forlaget Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag overdrog sine norske rettigheiter og selde aksja sine i den norske avdelinga til eit norsk selskap. Det førte til at utgjevingane til forfattarar som Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Jonas Lie og Alexander Kielland vart overførte til eit norsk forlag. Forlaget er eit av Noregs største forlag.
Saman med H. Aschehoug & Co (W Nygaard A/S) eig Gyldendal
- De norske Bokklubbene
- Forlagssentralen
- Kunnskapsforlaget
Gyldendal Norsk Forlag overtok skulebokavdelinga i Fabritius forlag i 1982, Tiden Norsk Forlag i 1991, Ad Notam i 1992 og Forlaget Yrkesopplæring i 1999. I 1999 overtok Gyldendal Norsk Forlag saman med Ascheoug Universitetsforlaget.
[endre] Direktørar
- 1925–1970: Harald Grieg
- 1970–1979: Brikt Jensen
- 1979–1990: Andreas Skartveit
- 1990–1995: Nils Kåre Jacobsen
- 1995–2000: Geir Mork
I 2000 omorganiserte dei konsernet Gyldendal ASA og forlagsverksemda er no samla i Gyldendal Norsk Forlag AS og i det selskapet inngår no forlaga Gyldendal, Gyldendal Akademisk, Gyldendal Fakta, Gyldendal Rettsdata, Gyldendal Barn & Ungdom, Gyldendal Undervisning, Gyldendal Yrkesopplæring, Tiden Norsk Forlag AS og imprinten Kolon Forlag. Geir Mork har frå 2000 vore konsernsjef i Gyldendal ASA.