Wikipedia:Hærverk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Innhaldsliste |
[endre] Wikipedia blir ofte vandalisert.
Hærverk, eller vandalisme, på Wikipedia vil seia at nokon prøver å øydeleggja eller gjera artiklar dårlegare med vilje. Når slikt skjer, er det viktigaste for andre brukarar å retta det opp igjen.
Hugs at alle lett kan sjå kven som har lagt inn endringar, ved å velja sidehistorikk øvst på sida.
Ved gjenteke, grovt hærverk kan administratorane koma til å stenga ute dei som står for det, i ei viss tid.
[endre] Ulike former for hærverk
[endre] Tull
For mange nye brukarar er det ganske utruleg og spennande at kven som helst kan oppretta og endra på artiklar. Dei vil prøva dette ut, og istadenfor å skaffa seg greie på at vi har ei leikegrind til nettopp dette, tyr mange til å legga inn tull eller tabuord i gamle eller nye artiklar. Dette er ei uskuldig form for hærverk.
Andre kan finna på å sletta heile sider og erstatta dei med tull, eller gjera mindre hærverk i ei rekkje artiklar. Dette blir sett på som grovare, og kan føra til utestenging.
[endre] Reklame
Det finst diverse meir eller mindre automatiske reklamefolk eller «bottar» som liker å legga inn peikarar til sidene sine på Wikipedia. Ut frå kor mykje skade dei gjer blir også denne forma for hærverk sett på som grov eller mild.
[endre] Løynd hærverk
Ei anna form for hærverk er folk som fordi dei av ein eller annan grunn vil «testa» Wikipedia, legg inn småfeil i artiklar for å sjå kor fort dei blir retta opp. På grunn av slike er det lurt å sjekka alle bidrag frå ukjende brukarar, også dei som ikkje er anonyme, nøye.
[endre] Følgjer av hærverk
For Wikipedia fører hærverk til ekstraarbeid for vanlege brukarar og (stundom) administratorar. Men det kan òg få ein gammal artikkel fram i lyset og føra til at han blir forbetra. Slik sett er ikkje hærverk bare negativt.
Me bør prøva i det lengste å få dei som øydelegg, til å slutta eller kanskje til og med bli flinke brukarar av Wikipedia, ved å retta opp feila deira og legga inn kommentarar på diskusjonssider. Dersom dei likevel fortset med hærverk, kan dei bli blokkerte av ein administrator.