Høgskolen i Bergen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høgskolen i Bergen (HiB) blei etablert 1. august 1994 og har i dag kring 6000 studentar og 600 tilsette. Høgskulen er ein av 25 statlege høgskular i Noreg og er eit resultat av at seks statlege høgskular i Bergen ble slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994.
1. januar 2005 blei Statens dykkerskole overført til Høgskolen i Bergen.
Høgskulen har i dag som mål å vere den viktigaste profesjonshøgskulen på Vestlandet. Høgskulen er i dag lokalisert på seks ulike stader i Bergen men planlegg ei samlokalisering på Kronstad.
Høgskulen tilbyr fag- og profesjonsstudiar innan helse- og sosialfag, ingeniør- og økonomisk-administrativ utdanning, musikkutdanning og lærarutdanning. Desse kan takast i varierande lengder frå halvtårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradstudier, samt ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.