Diskusjon:Hastigheit
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Burde ikkje denne sida flyttast til snøggleik, eller eit anna norsk ord? --Tannkrem 19:15, 30 oktober 2006 (UTC)
- Eg tykkjer ikkje det. Snøggleik kan omdirigerast til hastigheit. Er ikkje hastigheit eit norsk ord?Asgeir 19:28, 30 oktober 2006 (UTC)
- Det er eit godkjent ord i norsk, om det er det du meiner. Men både hastig og -heit er lånord frå lågtysk, medan snøgg og -leik er gamle norrøne ord. Soleis er det vel ikkje feil å seia at snøggleik er norsk, medan hastigheit ikkje er det?
- Anbeheitelse (særleg i artikkelnamn!) bør unngåast, meiner no eg. Så om snøggleik tyder det same i fysikksamanheng, synest eg artikkelen skal liggja der. --Tannkrem 19:46, 30 oktober 2006 (UTC)
- I fysikken har hastigheit både retning og talverdi; det er med andre ord ein vektoriell storleik. Men sume tider er ein berre interresert i talverdien. Anglane nyttar som oftast ordet "velocity" når dei talar om den vektorielle hastigheita og "speed" når dei meiner talverdien til hastigheita. Eg har ikkje sett nokon definisjon på "fart" eller "snøggleiken", men har alltid "innbilt meg" begge orda viser til talverdien av snøggleiken. Kansje vi lyt spørja han Sylfast om dette? --Sigmundg 20:35, 30 oktober 2006 (UTC)
- Eg har ikkje nok peiling på fysikk til at eg skjønar skilnaden på fart og "hastigheit". Og eg veit ikkje kven av desse nemningane "snøggleik" er eit synonym til, difor spurde eg her på diskusjonssida, i staden for å flytta artikkelen, ei handling eg ikkje klarar å føresjå konsekvensane av. :-) --Tannkrem 20:44, 30 oktober 2006 (UTC)
- Eg kjenner ikkje til at ordet snøggleik er brukt innom fysikken og trur ikkje det er lurt av oss å bruke det som synonym til hastigheit i ein fysikkartikkel.Asgeir 20:57, 30 oktober 2006 (UTC)
- OK, då får eg læra meg til å leva med det. --Tannkrem 21:21, 30 oktober 2006 (UTC)