Heartbeat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heartbeat, kalla Med hjartet på rette staden på norsk er ein britisk fjernsynsserie som byrja å gå i 1992 og endå går på Yorkshire Television. Serien føregår på 1960-talet og er sentrert rundt livet på ein liten politistasjon, ein pub og ein bilverkstad/eit gravferdsbyrå i Aidensfield, ein fiktiv versjon av landsbyen Goathland i North Yorkshire, der serien for det meste vert filma. Musikk frå 60-talet er eit vesentleg innslag i serien, både i handlinga og som lydspor.
Bøkene i Constable-serien av Nicholas Rhea var utgangspunkt for serien. Serien vert i Noreg sendt på NRK1 som laurdagsunderhaldning. Han er teksta på nynorsk.