Hermansverk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hermansverk er ei bygd som ligg i Leikanger kommune og er fylkeshovudstad i Sogn og Fjordane. Han har fått namn etter kjøpmannen Herman Brun som verka i 1840-åra. Staden ligg på nordsida av Sognefjorden. Busetnaden i Hermansverk er vaksen saman med bygda Leikanger, og til saman har desse rundt 1900 innbyggjarar.
All kommunal administrasjon for stat og fylke var samla på Hermansverk då Fylkeshuset opna her i 1989.
Som sentrum i ein av landets fruktkommunar er Hermansverk samlingspunkt for mykje av frukthandelen i Sogn. Planteforsk Njøs som forskar på bær og frukt ligg òg her. I 1919 bygde Halvard Drægni ein konservesfabrikk. Denne vart overteke av Lerum AS i 1982, men seinare lagt ned. Like ved har Skald Forlag i dag hovudkontor.
Oppe i lia ovanfor Hermansverk ligg Henjatunet, eit klyngetun med 6 gardsbruk.