Ilta-Sanomat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ilta-Sanomat (namnet tyder Kvelds-Avisa) er ei finsk tabloidavis som blir gjeve ut av Sanoma Osakeyhtiö. Ilta-Sanomat er Finlands nest største avis etter Helsingin Sanomat, og den største tabloidavisa i Finland. Ilta-Sanomat Oy publiserer også tippeavisa IS Veikkaaja. I 2005 kjøpte Ilta-Sanomat nettauksjonsstaden Huuto.net.
Ilta-sanomat vart grunnlagt i 1932. Den dåverande redaktøren i Helsingin Sanomat, Eljas Erkko meinte at det antiparlamentaristiske høgreleidde Mäntsälä-opprøret var ei så stor hending, at det var trong til ei heilt eiga avis for å rapportere om det. Den opprinnelege planen bak Ilta-Snomat var med andre ord å fungere som ettermiddagsutgåve for Helsingin Sanomat.
Ilta-Sanomat kjem ut seks dager i veka, til skilnad frå dei finske abonnementsavisene, som alltid har komme ut sju dagar i veka. Laurdagsavisa er i sal heile helga.
Ilta-Sanomat er rekna som ei meir seriøs nyhendeavis enn den fremste konkurrenten sin, tabloidavisa Iltalehti (Kvelds-Bladet).
Gjennomsnittleg opplag for Ilta-Sanomat er 201 281. (2004)
[endre] Kjelde
- Finsk wikipedia
[endre] Eksterne lenkjer
![]() |
Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer. |