Ivar Aasen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Andreas Aasen (5. august 1813–23. september 1896) var ein norsk språkforskar og diktar. Han er mest kjend for å vera opphavsmannen til nynorsk, men skreiv òg fleire dikt.
Innhaldsliste |
[endre] Livssoge
Aasen var ein sunnmøring fødd i 1813 i Åsen i Hovdebygda i Ørsten, dagens Ørsta kommune. Han var ein av åtte sysken og mista tidleg begge foreldra. Aasen måtte tidleg ta del i hardt gardsarbeid for å klara seg. Plassen han budde på, var isolert, og han hadde få vener. På fritida underheldt han seg derfor med å lesa i Bibelen. Han blei allereie som liten rekna som ein kvikk kar av både lensmannen og presten i bygda.
Aasen fekk utvikla lærdommen sin hjå prosten Hans Conrad Thoresen. I 1831 blei han omgangsskolelærar før han etter kvart blei huslærar hjå kaptein Daae i Skodje. Han utvida heile tida kunnskapen sin, mellom anna ved å læra seg fleire språk på eiga hand. Han byrja òg å granska målføre, og tok først fatt på sin eigen sunnmørsdialekt. Han fekk eit vanskeleg arbeid, ettersom han ønskte å finna fram til målføret før dansk påverking, men blei til sist ferdig med Den Sunnmørske dialekt, som blei gjeven ut i 1841. Aasen reiste til Bergen for å få arbeidet sitt vurdert av biskopen der, Jacob Neumann. Biskopen blei svært imponert, og fekk delar av arbeidet trykt i to nummer av Bergens Tidstidende. Neumann sørga òg for å setja den unge språkforskaren i kontakt med Vitenskapsselskapet i Trondheim, som gav han eit stipend slik at han kunne reisa rundt og granska andre dialektar. Aasen var da 29 år.
[endre] Språksamling
I fire år reiste han rundt i Noreg og skreiv ned ord og uttrykksmåtar. Han dekte over fire hundre mil, men reisepengane tok slutt før han fekk vitja Nord-Noreg. Målføra nord for Helgeland kom derfor ikkje med i studiet i fyrste omgang. Men i løpet av tjue år skulle han fortsetja å reisa, mellom anna til Tromsø, og han vitja over halvparten av alle kommunane i landet. Når han ikkje reiste, budde språkforskaren i Kristiania.
I 1848 gav Aasen ut Det norske Folkesprogs Grammatik. To år etter kom Ordbog over det norske Folkesprog. Denne inneheldt over 25 000 ord og blei skildra av P.A. Munch som eit nasjonalt meisterverk. I 1849 presenterte Aasen den første teksten på det nye skriftspråket, og fire år etter kom han med utkastet til det nye norske landsmålet: Prøver af Landsmaalet i Norge.
Oppgåva til Aasen var å skapa eit ekte norsk skriftspråk med minst mogleg påverking frå dansk. Derfor tok han utgangspunkt i landlege dialektar som hadde mykje til felles med norrønt. På den andre sida ville han gjerne ha eit språk som folk flest kunne kjenna igjen som norsk, og ikkje islandsk, og han søkte samsvar med dansk og svensk der han kunne.
[endre] Språkforskaren Aasen
Med Norsk Grammatik i 1864 og Norsk Ordbog : med dansk Forklaring i 1873 innleidde Ivar Aasen den vitskaplege utforskinga av moderne norsk. På mange felt, særleg morfologi, er grammatikken framleis ein standardreferanse, og ordboka hans er fundamentet norsk leksikografi kviler på.
[endre] Diktaren Aasen
I tillegg til språkskriftene sine gav Ivar Aasen ut fleire skjønnlitterære verk, mellom anna ei samling av eventyr og segner, syngespelet Ervingen frå 1855, og diktsamlinga Symra frå 1863. Eit av dei mest kjende dikta hans er «Nordmannen» (Millom bakkar og berg).
[endre] Verkliste
Språkvitskap:
- Den Sunnmørske dialekt (1841)
- Det norske Folkesprogs Grammatik (1848)
- Søndmørsk Grammatik (1851)
- Prøver af Landsmaalet i Norge (1853)
- Norsk Grammatik (1864)
- Norsk Ordbog : med dansk Forklaring (1873)
- Norsk Navnebog (1878)
Litteratur:
- Ervingen (1855)
- Symra (1863, nye utgåver 1867 og 1875)
[endre] Sjå óg
- Ivar Aasen-tunet: Ivar Aasens liv og verk
- Ivar Aasen-tunet
- Ivar Aasen-instituttet
- Ivar Aasen-sambandet
- Nynorsk
- Høgnorsk