J.K. Rowling
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joanne Rowling (f. 31. juli 1965), kjent som J.K. Rowling, er ein britisk forfattar kjend for bokserien sin om trolldomseleven Harry Potter. Rowling er fødd i Chipping Sodbury i South Gloucestershire, sør i England, og er busett i Edinburgh i Skottland.
Ho har vorte rikare enn den britiske dronninga; Forbes anslo i februar 2004 formua hennar til 576 millionar britiske pund, noko som gjer henne til den første forfattaren som har vorte dollarmilliardær og den niande rikaste kvinna i Storbritannia.
[endre] Karriere
Rowling skreiv først to romanar for vaksne, som til no ikkje er blitt gjevne ut, før ho fekk ideen om Harry Potter under ein firetimars togtur. I følgje henne, var allereie ein god del av personane samt det meste av plottet for første boka, Harry Potter og de vises stein, uttenkt idet toget rulla inn på stasjonen. Ho byrja å skrive i lunsjpausane sine, og heldt fram med å arbeide med manuskriptet medan ho underviste i engelsk på Encounter English School i Oporto i Portugal. Etter eit mislykka ekteskap drog ho tilbake til Storbritannia med dotter si og fullførte boka i Edinburgh. På denne tida var ho arbeidslaus og levde berre på velferdsytingar.
Den første boka om Harry Potter vart ein braksuksess. Avkastninga har gjort henne svært rik, og i 2001 nytta ho provenyet til å skaffe seg ein herskapsbustad frå det nittande hundreåret ved breidda av elva Tay i Perthshire i Skottland. Her gifta ho seg med Neil Murray i 2001, som ho har tre barn med.
[endre] Bøker
- Harry Potter og De vises stein (engelsk Harry Potter and the Philosopher's Stone, i USA Harry Potter and the Sorcerer's Stone) (1997)
- Harry Potter og Mysteriekammeret (Harry Potter and the Chamber of Secrets) (1998)
- Harry Potter og Fangen fra Azkaban (Harry Potter and Prisoner of Azkaban) (1999)
- Harry Potter og Ildbegeret (Harry Potter and the Goblet of Fire) (2000)
- Harry Potter og Føniksordenen (Harry Potter and the Order of the Phoenix) (2003)
- Harry Potter og Halvblodsprinsen (Harry Potter and the Half-Blood Prince) (16. Juli 2005)