J.W. Cappelens Forlag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
J.W. Cappelens Forlag A/S er eit norsk forlag som vart grunnlagt 23. februar i 1829. Det er det eldste av forlaga som er i drift i Noreg i dag. Forlaget gjev ut bøker i alle sjangrar.
Forlaget vart skipa av Jørgen Wright Cappelen som han dreiv bokhandel i Storgata i Christiania der han også baud fram bøker frå eige forlag. J.W. Cappelen såg seg sjølv som ein folkeopplysningsmann, og etterkvart som leseferdigheita breidde seg over landet var han med på stetta trongen for bøker for vanlege folk. Forlaget gav ut salmebøker, huspostillar og katekismar som gjekk ut i store opplag. Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet vart til dømes prenta og seld i eit opplag av tilsaman heile 300 000 eksemplar.
Etter at Jørgen Wright Cappelen døydde i 1878 vart firmaet drive vidare av familien heilt fram til i 1987 då svenske Bonnier forlag tok over aksjemajoriteten i selskapet.
Forlaget er eit av dei største i Noreg og eig Cappelen Akademisk Forlag A/S og Sentraldistribusjon ANS og driv eigne bokklubbar. I fylgje forlaget sjølv gjev Cappelen ut omlag 800 titlar i året, av desse er 400–500 lærebøker, medan resten er skjønn- og faglitteratur av anna slag. Desse tala inkluderer både nyutgjevingar og nye opplag av tidlegare utgjevne bøker.
[endre] Sjå også
[endre] Bakgrunnstoff
- Harald L. Tveterås: I pakt med tiden : Cappelen gjennom 150 år : 1829-1979. Cappelen, Oslo, 1979. ISBN 82-02-04310-7
- Nettsidene til J.W. Cappelens Forlag