Janne Ahonen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Janne Ahonen (fødd 11. mai 1977 i Lahti) er ein finsk skihoppar.
Janne Ahonen er ein av de mestvinnande skihopparane på 1990- og 2000-talet. Den finske storhopparen, som òg er kjent for det alvorlege ansiktsuttrykket sitt, vann i 1997 VM-gull i liten bakke. I sesongane 1998/99, 2002/03, 2004/2005 og 2005/2006 (saman med Jakub Janda) vann han den prestisjetunge hoppveka samanlagt. Han har fleire pallplasseringar frå store meisterskap. I verdscupen har han vunne vunne 31 enkeltrenn og har totalt 94 pallplasseringar (begge delar pr. 6.januar 2006). Ahonen vann verdscupen samanlagt i 2003/2004 og 2004/2005.
I 2005 vart han kåra til årets idrettsutøvar i Finland.
Janne Ahonen har verdas lengste skihopp med fall på 240 meter (på grunn av fallet er ikkje dette ein offisiell verdsrekord).