Jugendstilsenteret
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jugendstilsenteret er eit formidlingssenter for jugendstil som ligg i den gamle apotekergården like ved Brosundet i Ålesund. Bygget er teikna av arkitekten Hagbarth Schytte-Berg og oppført mellom 1905-07. Det var det første jugendstilhuset som blei freda i Ålesund (1984) og inneheld i dag Ålesunds best bevarte jugendstilinteriør.
Senteret vart opna i 2003. Det nyttar både moderne multimedieutstillingar og viser meir tradisjonelle gjenstandsutstillingar.