Jussi Birn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jussi Birn (eig. Juhani Birn) er ein finsk lingvist, utdanna frå Universitetet i Helsingfors.
Han er mest kjend for å bruke føringsgrammatikk i grammatikkontrollprogram. Eit døme på ein føringsgrammatisk regel i eit grammatikkontrollprogram er denne:
(@w =s! (@ERR) (-2 GEN) (-1 A-DEF) ( 0 N-DEF)) ;
Her betyr "0" "ordet regelen gjeld", "-1" og "-2" ordet som står ein og to posisjonar til venstre. Regelen seier: gje eit ord w merket @ERR (dvs. eit feilmerke) viss ordet ein posisjon til venstre er eit adjektiv i bestemt form, og ordet to posisjonar til venstre er eit substantiv med s-form. Regelen finn fraser som mannens gamla bilen og påpeiker at dei er feil, det skal vere mannens gamla bil.
[endre] Bibliografi
- Juhani Birn: Swedish Constraint Grammar: A Short Presentation
- Birn, Juhani 1999: Detecting grammar errors with Lingsoft's Swedish grammar checker, Proc. Nodalida 1999