Kantjendjunga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fjellet Kantjendjunga i Tapledjung-distriktet på grensa mellom den indiske delstaten Sikkim og landet Nepal er med sine 8 586 moh. Indias høgste og Nepals nest høgste fjell. Namnet blir òg skrive som Kanchenjunga, Kangchenjunga, Kangchen Dzö-nga, Khangchendzonga, Kanchenjanga, Kachendzonga, og Kangchanfanga, og er det tredje høgste fjellet i verda.
Kantjendjunga tyder omlag «fem skattar av snø», truleg av di det eigentleg er snakk om fem fjelltoppar som alle ragar over 8 000 moh. Fram til 1852 trudde ein faktisk at Kantjendjunga var verdas høgste fjell, men utrekningar gjorde av britiske forskarar i 1849 viste at dette ikkje stemte. Første gongen ein veit om at noko menneske kleiv til topps var den 25. mai 1955, da George Band og Joe Brown, som var med ein britisk ekspedisjon til området, nådde toppen. I respekt for sikkimesisk folketru som reknar toppen som heilag, stoppa dei nokre få fot frå toppen.