Klagenfurt
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den vidkjende Lindorm-fontena i Klagenfurt | |
Lokalisering | |
---|---|
Lokasjon av Klagenfurt | |
Styresmakter | |
Land Delstat |
Austerrike Kärnten |
Geografi | |
Flatevidd - By |
120,11 km² |
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik |
92 404 750/km² |
Koordinatar | 46°37′″N, 14°18′″W |
Høgd over havet | 446 m |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 9020 |
Telefon-retningsnummer | 0463 |
Bilnummer | L |
Heimeside: www.klagenfurt.at |
Klagenfurt (slovensk: Celovec) er hovudstaden i delstaten Kärnten i Austerrike ved elva Glan. Han har om lag 90 000 innbyggjarar, og rundt 1 700 av desse er kärntiske slovenarar, som utgjer om lag 10 % av innbyggjarane i Kärnten.
Byen vart først nemnd på 1100-talet.
Det er ein vakker by omgitt av dei austerrikske Alpane, ein populært skistad, og med talrike parkar og 23 slott i området rundt. Om sommaren vert festivalen Altstadtzauber arrangert og Ingeborg Bachmann Preis, en tysk litteraturpris, vert delt ut her. Viktige landemerker er Wörthersee og Schloß Hochosterwitz, eit imponerende og utilgjengeleg slott. Byen ligg ved breidda av Wörthersee, den varmaste fjellinnsjøen i Europa, og ein populær turiststad. Området vert kalla Austerrike sitt svar på Monte Carlo, og trekk til seg rike austerrikarar og tyskarar som kjem for å sjå og bli sett.
Byen har eige universitet og flyplass, og det finns òg eit slovensk gymnasium her.
[endre] Sport
Fottballklubben FC Kärnten held til i Klagenfurt.
[endre] Vidkjende personar
Av kjende personar som har budd i byen er Josef Stefan, Robert Musil, Anton Webern og Ingeborg Bachmann. Like i nærleiken, i landsbyen Maiernigg, hadde Gustav Mahler sommarhuset sitt.