Kleberstein
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kleberstein er ein lettformeleg bergart som har vore mykje brukt til å laga kar og andre bruksting. Ein finn kleberstein i alle norske fylke bortsett frå Vestfold og Vest-Agder.
[endre] Ordsoge
Bergarten har hatt mange ulike namn. Eitt gammalt namn er grjotstein, der forstavinga er frå norrønt og ganske enkelt tyder stein. Dette ordet var særleg brukt om nyttestein som ein hogde ut og brukte, og har gjeve oss moderne ord som gryte og graut. Eit nyare ord for steintypen er grautstein, og fleire stader i Norge der ein har henta ut slik stein har namn som Grøt eller liknande. Klebersteinen kan òg kallast feittstein eller veikstein.
Dei mange namna på steinen viser til dei særskilde eigenskapane hans. Nokre av dei viser til korleis overflata til bergarten kjennest når ein tar på han, nemlig «feittete», «glatt» eller «såpete». Dette er fordi det viktigaste mineralet i kleberstein er talk. Dette er eit svært mjukt mineral som gjer at kleberstein lett kan skjærast i med kniv. Steinsorten kan òg stå imot sterk varme, og er derfor godt eigna til bruk i omnar og liknande.
[endre] Bruk

I førmoderne tid brukte ein kleberstein til mange ulike former for nytteting. I jernalderen, mellomalderen og fram til 1800-talet brukte ein steinen hyppig i tilverking av kokekar, spinnehjul og ulike former for lodd og vekter. Andre viktige bruksområde har vore som byggemateriale i mange av dei norske steinkyrkjene. Mellom anna er Nidarosdomen bygga i kleberstein. På 1900-tallet har ein særleg brukt kleberstein som materiale i peisar, omnar og gravsteinar.
Mange stader er det spor etter førmoderne uttak av kleberstein i bergveggane. Særleg i Guldbrandsdalen og på Vestlandet og Romerike er det blitt tatt ut kleberstein i store mengdar. Kjende brudd er mellom anna Brennepåsen og Piggåsen i kommunane Sørum og Fet. Idag tek ein ut kleberstein to stader i Norge; Målselv i Indre Troms og Otta i Gudbrandsdalen.