Kongeleg resolusjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kongeleg resolusjon er ei avgjerd teken av Kongen i statsråd.
Etter vår statsskikk blir mange av dei viktigaste avgjeringane formelt gjort av «Kongen i statsråd». I denne samanhenge er statsråd det formelle møtet der regjeringa, leia av Kongen, er samla på Slottet. Normalt skjer dette kvar fredag klokka 11.00. Avgjerdene som blir gjort av regjeringa samla i statsrådet under leiing av Kongen, blir kalla kongelege resolusjonar.
Når Kronprinsen leier statsrådet blir resolusjonane som blir gjort kalla Kronprinsregentens resolusjonar (etter Grunnloven § 41).
Når verken Kongen eller Kronprinsen deltek, held ein møtet i statsrådssalen på statsministeren sitt kontor, eller unntaksvis i statsrådssalen på Stortinget. Vedtak som blir gjorte i slike samanhengar blir kalla regjeringas resolusjonar.