Koronarsinus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koronarsinus (latin sinus coronarius) er ei vene som tek i mot blod frå hjartemuskelen, myokard. Ho finnest i hjartet til menneske og ein del andre dyr. Nøyaktig korleis anatomien er, er ulikt mellom artane.
Koronarsinus ligg i gropa mellom venstre forkammer og hjartekammer på baksida av hjartet (posteriort). Ho kjem inn i høgre forkammer rett over trikuspidalklaffen.
Noko av den venøse returen frå hjartemuskelen går utanom koronarsinus rett inn i høgre atrium, enkelte små vener går også rett inn i eit av hjartekammera.
Ein normalvariant av anatomien hos menneske er at koronarsinus tek i mot blod frå ei persisterande øvre venstre holvene, dette er ei blodåre som normalt forsvinn i fosterlivet. Koronarsinus er då forstørra. Dette er ikkje fårleg, men om ein finn dette ved t.d. ekkokardiografi kan ein måtte gjere ytterlegare undersøkjingar for å utelukka hjartefeil.