Kristin Størmer Steira
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristin Størmer Steira (fødd 30. april 1981 i Tana) er ein norsk langrennsløpar. Ho markerte seg for fyrste gong i internasjonal samanheng i sesongen 2002/03, med fleire plasseringar blant dei 10 beste i verdscupen.
Det store gjennombrotet kom i sesongen 2004/05. Ho tok sin fyrste siger i verdscupen (dobbel jakstart i italienske Pragelato), bronsemedalje på same distansen og stafettgull i ski-VM.
Kristin Størmer Steira er fødd og oppvaksen i Tana, men bur no i Drøbak. Ho representerer Høybråten og Stovner IL.
Under de olympiske leikane i Torino 2006 fekk Steira fjerdeplass på dobbel jaktstart, 10 km klassisk og 30 km fellesstart, og reiste heim frå Torino utan medalje.
Innhaldsliste |
[endre] Medaljar i internasjonale meisterskap
Totalt har Kristin Størmer Steira 2 medaljar, 1 bronse og 1 gull i store internasjonale meisterskap.
[endre] Ski-VM i Oberstdorf 2005
- Bronse på 7,5 km dobbel jaktstart
- Gull på stafetten for kvinner (saman med Hilde Gjermundshaug Pedersen, Vibeke Skofterud og Marit Bjørgen)
[endre] Resultat i verdscupen
[endre] Plasseringar samanlagt
[endre] Sigrar i verdscupen
Totalt har Kristin Størmer Steira 1 siger i verdscupen.
- 22. januar 2005 - Pragelato - Dobbel jaktstart