Kristján Örn Sigurðsson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristján Örn Sigurðsson, fødd 7. oktober 1980 i Akureyri, er ein islandsk fotballspelar. Vinteren 2005 kom han til den norske eliteserieklubben Brann, der han i 2005-sesongen for det meste blei benytta som høgreback, men sidan er blitt flytta inn som midstoppar.
Han er veslebror av den meir kjente Lárus Sigurðsson, som har hatt brukbar suksess i dei engelske klubbane Stoke og West Bromwich. Nettopp etter broren si anbefaling blei Kristján henta til Stoke som 17-åring, men han klarde aldri å slå gjennom der, og reiste attende til Island i 2001 der han spelte for KR Reykjavik.
Han markerte seg betre i den islandske toppdivisjonen og fekk sin debut på landslaget mot Italia i 2004.
I den første tida han var i Brann var han andreval som høgreback, men som fylgje av godt spel samstundes som konkurrentane fekk skadeproblem, spelte han dei fleste eliteseriekampane i 2005-sesongen.
Sigurðsson blir rekna som ein svært rask fotballspelar, samstundes som han er taklingssterk og har god spenst. I 2006-sesongen har han spelt glimrande i tospann med den islandske kollegaen sin Ólafur Örn Bjarnason og har fylt skoa til Brann sine tidlegare midtstopparprofilar Ragnvald Soma og Paul Scharner
Før han blei fotballspelar på heiltid, jobba han som assistent i barnehage. Kallenavnet hans blant Brann-tilhengjarane er «Ørn2». Ólafur Örn Bjarnason er «Ørn1».
[endre] Karriere som spelar
(Sist oppdatert 22. oktober 2006)
Klubb | Kampar | Mål | Periode |
---|---|---|---|
KR | 33 | 1 | 2003-2004 |
Brann | 67 | 4 | 2005- |
[endre] Lenkjer
Brann – spelarstallen 2007 |
---|
Målmenn |
---|
1 Johan Thorbjørnsen |
12 Håkon Opdal |
24 Steffen Haraldsen |
Forsvarsspelarar |
---|
3 Bjørn Dahl |
4 Cato Guntveit |
5 Ramiro Corrales |
15 Erlend Hanstveit |
18 Ólafur Örn Bjarnason |
21 Kristján Örn Sigurðsson |
28 Ármann Björnsson |
Midtbanespelarar |
---|
2 Tijan Jaiteh |
6 Helge Haugen |
7 Ardian Gashi |
8 Martin Andresen |
9 Jan Gunnar Solli |
11 Petter Vaagan Moen |
17 Eirik Bakke |
19 Nicolai Misje |
Angrepsspelarar |
---|
10 Bengt Sæternes |
13 Erik Huseklepp |
20 Trond Fredrik Ludvigsen |
22 Thorstein Helstad |
77 Robbie Winters |