Langeland i Danmark
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Langeland | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Mellom Fyn og Lolland |
Koordinatar | |
Areal | 285 km² |
Administrasjon | |
Land | Danmark |
Kommune | Langeland kommune |
Største busetnad | Rudkøbing |
Demografi | |
Folketal | 13 881 (2006) |
Folketettleik | 49 /km² |
Langeland er ei dansk øy mellom Storebælt og Kielbukta. Øya har eit areal på 284 km² og eit folketal på om lag 14 000. Øya produserer korn, og er kjend som eit ferieområde.
Rudkøbing er den største tettstaden på øya, og av andre tettstader finn ein Bagenkop, Lohals, Spodsbjerg, Tranekær og Tullebølle. Langeland er landfast med Fyn via ei bru frå Rudkøbing til Siø, og ein demning frå Siø til Tåsinge, som igjen er forbunde med Svendborg med ei bru. Det går òg bilferjer til Lolland, Ærø og Strynø.
Tidlegare gjekk det òg ei ferjerute mellom Bagenkop Sydlangeland og Kiel i den tyske delstaten Schleswig-Holstein. Denne vart nedlagt i 2003, etter fleire redningsforsøk. Ferjeruta var viktig for turistnæringa i området. Det økonomiske grunnlaget forsvann då den tollfrie handelen i EU opphøyrte.
Øya var tidlegare delt inn i tre kommunar, men frå 2007 vart desse slått saman til Langeland kommune.