Lauvdal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lauvdal er ei bygd som ligg i Bygland kommune ved riksveg 9 på austsida av Byglandsfjorden i Aust-Agder. Bygda ligg 6 km sør for Bygland sentrum. Lauvdal ligg i sørhallet ned mot fjorden og er eit prioritert kulturlandskap i Bygland kommune. Mange fornminner viser at det har vore busetnad her i svært lang tid. Blant anna er det funne ein spydspiss med sølvinnlegg. Han er sendt til eit museum i Oslo.
Tidligare har det vore vanleg å drive med sauer og kyr, men i dag er det bare to bønder igjen.
[endre] Husmannsplassen Hagen
Lengst nord på Lauvdal ligger husmannsplassen Hagen. Han blei fråflytta på 1960-tallet og har fått stå urørt etter det. I dag er han ein del av Setesdalsmuseets bygningsmasse. Han ligg like ved vegen.
[endre] Kjente personar frå Lauvdal
- Åsulv Lande, professor i teologi ved Universitet i Lund
- Gunvor Lande, dr. theol. førsteamanuensis i teologi ved Høgskolen i Agder
- Vidar Lande, professor ved Høgskolen i Telemark og folkemusikar
[endre] Eksterne lenker
Prioriterte kulturlandskap i Bygland 2006 Husmannsplassen Hagen Spydspiss med sølvinnlegg funne på Lauvdal