Leif Juster
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leif Juster (14. februar 1910–25. november 1995) var ein norsk skodespelar og teatersjef. Han debuterte i 1931 og var knytta til teatra Chat Noir og Scala før han stara Edderkoppen teater i 1942. Då Edderkoppen vart lagt ned i 1967, vart Juster tilsett på Oslo Nye Teater der han var fram til han vart pensjonert.
Leif Juster debuterte som filmskodespelar i 1933 og er kjent frå mange norske filmar, som:
- Fjols til fjells
- Den forsvunnede pølsemaker
- Bustenskjold
- Freske fraspark
- Flåklypa Grand Prix (forteljarstemme)