Liman
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein liman er ein type innsjø som er danna ved munninga til ei elv blokkert av ein banke av sediment. Limanen kan vere maritim (banken er laga av elva som renn ut i sjøen) eller fluvial (banken er laga av ei større elv ved samanløpet).
Namnet vert brukt om denne type innsjøar langs den vestlege og nordlege kysten av Svartehavet, i tillegg til den lågasre delen av Donau. Døme på limanar er Varnasjøen i Bulgaria, Razelmsjøen i Romania og Dnester liman i Ukraina.
[endre] Etymologi
Ordet er eit låneord frå russisk лиман (liman), men opphavet kjem frå det mellomalder greske λιμένας som tyder bukt eller hamn. Ordet vart spreidd av tyrkarane då dei okkuperte den vestlege og nordlege kysten av Svartehavet.