Mardalsfossen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mardalfossen er ein foss ved sørenden av Eikesdalsvatnet i Nesset kommune i Møre og Romsdal fylke. Fossen vert laga av elva Mardøla i det ho fell 655 meter ned mot Eikesdalsvatnet. Det høgaste frie fallet er på 297 m, noko som er det største i Noreg.
Det går bilveg fram til ein parkeringsplass nedanfor fossen. Frå parkeringsplassen er det ein 30–45 minutt gåtur opp til fossen.
Mardalsfossen kom i fokus i 1970, under Mardøla-aksjonen.