Millstätter See
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Millstätter See | |
---|---|
Stad | Kärnten i Austerrike |
Koordinatar | |
Tilsig | Riegerbach |
Tilsigsområde | 280 km² |
Tilknytta land | Austerrike |
Største lengd | 12 km |
Største breidd | 1,8 km |
Overflateareal | 13 km² |
Største djup | 142 m |
Vassvolum | 1 170 millionar m³ |
Høgd over havet | 588 m |
Busetnadar | Seeboden, Millstatt, Döbriach |
Millstätter See er ein innsjø Kärnten i Austerrike nordaust for den vetle byen Spittal an der Drau. Han er om lag 12 kilometer lang og opp til 1,8 kilometer brei. På det djupaste er han 142 meter, og kan nå temperaturar på 25 °C om sommaren. Dermed er innsjøen ein av dei varmaste innsjøane i Austerrike, og årsaka er vatn som kjem frå varme kjelder i innsjøen.
Innsjøen var danna av ein isbre under siste istid, og spora etter isbreen er tydeleg på begge sider av innsjøen. Fjella like nord for innsjøen strekk seg opp til 2000 meter over havet, og i sør opp mot 900 m.
Namnet kjem frå landsbyen Millstatt som ligg like ved innsjøen.