Moffen naturreservat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Moffen naturreservat er eit naturreservat oppretta ved forskrift av 3. juni1983 i medhald av Svalbardlova, med seinare endringar gjort med heimel i Lov om miljøvern på Svalbard.
Moffen naturreservat omfattar øya Moffen og ein sjøsone ut til 300 m frå land eller frå skjer ved lågaste vasstand. Moffen ligg ved utløpet av Wijdefjorden på nordsida av Spitsbergen på Svalbard.
Formålet med fredningen er å verne om ein av dei viktigste kvileplassane for kvalross på Svalbard og tilhørande plantesamfunn, fuglar og pattedyr. Fredningen inneber forbod mot ferdsel i tida 15. mai til 15. september.