Mohamed ElBaradei
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mohamed ElBaradei, arabisk محمدالبرادعئ, (f. 17. juni 1942) er generaldirektør i det internasjonale atomenergibyrået (IAEA), ein internasjonal organisasjon underlagd dei sameinte nasjonane. Han vart i 2005 tildelt Nobels fredspris saman med IAEA.
ElBaradei er fødd i Egypt. Han tok juristutdanning ved Universitetet i Kairo og deretter doktorgrad i internasjonal rett frå New York-universitetet.
Sidan 1984 har han vore eit framtredande medlem av IAEA, der han har hatt fleire viktige stillinga. Han blei generaldirektør i 1997, og attvald til ein andre periode i 2001.
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |