Morfologi i biologien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I biologien er morfologi eit omgrep som gjeld korleis ein organisme er bygd opp, og faget som studerer denne oppbyggjinga. Morfologi er ei viktig forutsetning for mange andre biologiske disiplinar, til dømes evolusjonsbiologi og fysiologi.
Faget er ein del av både botanikken, mikrobiologien, mykologien og zoologien), og kan vidare delast inn i fleire spesialfelt:
- karyologi (studiet av talet og forma på kromosoma)
- cytologi (cellebiologi),
- histologi (studiet av vevstypane)
- osteologi (studiet av skjelettet)
- organologi (studiet av den indre oppbyggjinga av kroppen og organa)
- eidonomi (studiet av den ytre oppbyggjinga av kroppen)
Omgrepet anatomi blir brukt om dei fem første av desse greinene, det vil seie alle bortsett frå eidonomi.