Moroni
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Moroni (fleirtyding)
Moroni (arabisk: موروني) er den største byen på Komorane og sidan 1962 også hovudstad. Han har nær 37 000 innbyggjarar. Byen ligg på vestkysten av øya Grande Comore.
[endre] Kommunikasjon
Moroni har ein flyplass, Moroni Hahaya international airport (IATA-kode: HAH). Han har òg ei hamn med samband til dei andre Komorane og Madagaskar, men er for grunn til store skip som i staden går til Mutsamudu på naboøya Anjouan.
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |