Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, eller berre nynorsksenteret, vart opna av utdannings- og forskningsminister Kristin Clemet 30. mars 2005 og er samlokalisert med Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda. Senteret har tilknytning administrativ til høgskulen, men til Utdanningsdirektoratet fagleg sett.
Senteret skal drive systematisk forsøks- og utviklingsarbeid for å fremje nynorskopplæringa, først og fremst retta mot innhaldet i faget.
I følge pressemeldinga frå Utdannings- og forskningsdepartementet skal nynorsksenteret "leie og koordinere arbeidet med å utvikle innhaldet, arbeidsmåtane og vurderingsformene i nynorskdelen av norskfaget, tilby skoleeigarar og skolar støtte og rettleiing i arbeidet med motivasjon for og læring av nynorsk, setje i verk systematisk forsøks– og utviklingsarbeid for å fremje opplæring i nynorsk [og] medverke til kompetanseutvikling".