Nettlesaren Lynx
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lynx er den mest populære tekstbaserte nettlesaren for verdsveven. Han stør ikkje rammer, tabellar eller stilark. Denne nettlesaren er basert på curses, eit UNIX-bibliotek med funksjonar for å kontrollere utskrift til ein terminalskjerm frå eit C-program.
Utviklinga av Lynx byrja ved universitet i Kansas, og det er det hovudsakleg Michael Grobe, Charles Rezac og Lou Montulli som har fått æra for arbeidet.
[endre] Lynx for brukarar med særskilde behov
I og med at det er mogleg å bruke lynx utan mus i det heile, er lynx svært populær blant brukarar som har særlege krav til nettlesaren sin. Blinde bruker t.d. lynx, og les teksten med braille-skrift. Dessverre er det mange nettsider som ikkje blir laga med lynx i tankane. Sjølv om hyperlenkjer kan identifiserast med hjelp av symbol eller bilete lagra som gif-filer, kunne webutviklarane godt ha laga ein tekst-identifikator "under" den grafiske identifikatoren. Wikipedia sine sider er gode døme på ein nettstad som kan lesast både med lynx og med grafiske nettlesarar.
Lynx kan også brukast i kontekstar der ein loggar seg på maskiner via ssh, utan å få eit grafisk grensesnitt.
[endre] Eksterne peikarar
- Offisiell heimeside
- Michael Grobe's personal recollections of Lynx development
- Extremely Lynx Lynx-ressursar
- MacLynx
- Lynx for Windows installasjonsprogram
Denne dataartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over dataspirer. |