Nils Trædal
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nils Trædal (fødd 1879, død 12. oktober 1948) var ein norsk prest og politikar. Han vert rekna som ein av grunnleggjarane av Bondepartiet. Han sat i mange år på Stortinget, og var utdanningsminister ei kort tid i 1932.
Trædal kom frå Sunndal i Møre og Romsdal fylke. Han budde 12 år på Kolvereid der han arbeidde som prest og bonde. Han var ordførar i Kolvereid kommune 1914-1919, og representerte då partiet (Venstre). Han vart forkjempar for eit nytt landbrukspolitisk program, men dette fekk ikkje så stor oppslutnad innan Venstre. Trædal vart medstiftar av Landmandsforbundet i 1920, forløparen til Bondepartiet og Senterpartiet. Innan Bondepartiet fekk han viktige rollar som stortingspolitikar, statsråd, leiar og parlamentarisk leiar. Som nestformann i Bondepartiet var han ein hovudaktør i utforminga og gjennomføringa av kriseforliket med Arbeidarpartiet i 1935).
Trædal døydde under mystiske omstende den 12. oktober 1948. Han datt ut frå tredje etasje i eit bygg og omkom. Ei minnebyste er plassert mellom kyrkja og kyrkjegarden på Kolvereid i Nærøy kommune. Minnesmerket vart avduka den 14. august 2005.