Nordkjosbotn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nordkjosbotn er den nest største tettstaden i Balsfjord kommune i Troms, etter Storsteinnes, med vel 1000 innbyggjarar. Han er eit senter for utdanning og handel, og blir gjerne kalla største vegkrysset i Nord-Noreg fordi han er møtepunkt for E6 og E8. Senteret rundt dette vegkrysset blir på folkemunne kalla Vollan, og er mellom anna berømt for Vollan gjestestue, som har satsa på å servere tradisjonsrik nordnorsk mat. I Nordkjosbotn ligg og ein vidaregåande skole med både studieførebuandefag og yrkesutdanning. Skolen har rundt 200 elevar.