Norsk institutt for kulturminneforskning
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) er ein stiftelse skipa i 2003 som eit nasjonalt og internasjonalt senter med kompetanse på kulturminneforsking. Fagkrinsen er sett saman av områda konservering, arkeologi, bygg, arealplanlegging og anna.
Tenesteområda er
- å konservere kunst og inventar
- å konservere eldre bygningar og anlegg
- arkeologiske utgravingar
- kulturminne og forvalting
- arealplanlegging og konsekvensutredingar
- næringsutvikling
- formidling til barn og ungdom
NIKU er med i samarbeidsselskapet Miljøalliansen AS.