Nuorttanaste
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nuorttanaste («Auststjerna») er det eldste samiske bladet som framleis kjem ut, frå 1898. Det vart gjeve ut av Den evangelisk-lutherske frikyrkja. Den første redaktøren var Gustav F. Lund frå Talvik.
Nuorttanaste blir redigert etter Friis-rettskrivinga, rettskrivinga til Bibelen frå slutten av 1800-talet. Då Bergsland-Ruong-rettskrivinga kom ut gjekk også Nuorttanaste over til den rettskrivinga, men på grunn av protestar gjekk dei attende til Friis-rettskrivinga. I dag blir ein del artiklar skrive på 1979-rettskrivinga, men for det meste er det Friis si rettskriving som gjeld.
I dag kjem Nuorttanaste ut i Karasjok som eit samarbeid mellom Frikyrkja og Norges Samemisjon.
Denne artikkelen med samisk tema er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samiske spirer. |