Nyksund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nyksund er eit tidlegare fiskevær som ligg på nordvest på Langøya i Øksnes kommune i Vesterålen.
Rundt 1900 var Nyksund det nest største fiskeværet i Vesterålen, men etter andre verdskrigen overtok andre fiskevær mykje av aktiviteten, og på slutten av 1970-talet var Nyksund fråflytta. Frå midten av 1980-talet sette den tyske sosialpedagogen Karl Heinz Nickel i gang fleire internasjonale ungdomsprosjekt i Nyksund, mellom anna i samarbeid med Universität Berlin, og gjennom dei prosjekta vart det gjort mykje gjennoppbyggingsarbeid. No er det mykje aktivitet i Nyksund sommarstid retta mot turistar, og staden hadde i 2003 8 heilårsfastbuande.
[endre] Kjelder
- «Nyksund» henta frå Tysk Wikipedia 17. august 2005.
- Om Nyksund på nettsidene til Øksnes kommune.