Pākehā
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pākehā er eit uttrykk māoriar på New Zealand brukar for å omtala folk med anglo-europeisk bakgrunn. For mange māoriar tyder det også ikkje-māorisk. Ordet kom i bruk snart etter at nybyggjarar frå Europa byrja å busetja seg på New Zealand seint på 1700-talet.
[endre] Opphavet til ordet
Det nøyaktige opphavet til ordet Pākehā er ukjent, men mest sannsynleg kjem det frå orda pākehakeha (som hjå somme māoristammer kjenneteiknar mytiske «fiskemenn», og/eller pakepakehā (mytiske menneskeliknande skapningar med lys hud og lyst hår) [1].
![]() |
Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over språkspirer. |