Rói Patursson
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rói Reynagarð Patturson (fødd 21. september 1947 i Torshavn) er ein færøysk forfattar.
Han er utdanna mag. art. i filosofi frå Københavns Universitet. Frå 1970 til 1985 budde han i København, så flytta han heimatt til Torshavn på Færøyane. I 1987 - 1988 underviste han på Skrivekunstakademiet i Bergen. Etter det har han arbeidd på Den færøyske folkehøgskulen i Torshavn. Han fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1986 for diktsamlinga Líkasum.
[endre] Verk
- 1969 Yrkingar, diktsamling
- 1976 Á alfaravegi, diktsamling
- 1983 Spor í sjónum, plate
- 1985 Líkasum, diktsamling
-
-
- på norsk:
- 1986 Som om omsett av Jón Sveinbjørn Jónsson (Oktober forlag, Oslo)
-
På norsk finst han også representert i Færøysk lyrikk : gjendiktingar av færøysk notidslyrikk, gjendikta av Knut Ødegård på Aschehoug forlag frå 1974.
[endre] Prisar og utmerkingar
- 1969 Den færøyske litteraturprisen (M.A. Jacobsens Heiðursløn) for diktsamlinga Yrkingar
- 1986 Nordisk Råds litteraturpris for diktsamlinga Líkasum
- 1988 Den færøyske litteraturprisen (M.A. Jacobsens Heiðursløn)