Recep Tayyip Erdoğan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Recep Tayyip Erdoğan, fødd 26. februar 1954 i Istanbul, er ein tyrkisk politikar og statsminister i Tyrkia sidan 14. mars 2003. Han leiar Partiet for rettferd og utvikling (Adalet ve Kalkınma Partisi - AKP), eit parti som omtalar seg sjølv som «islamsk-konservativt».
Erdoğan vart i 1985 leiar av Velferdspartiet i Istanbul. Han var borgarmeister i Istanbul frå 1994 til 1998. Velferdspartiet vart forbode i 1998, fordi den påstått islamistiske ideologien til partiet streid mot det strenge skiljet mellom politikk og religion i den tyrkiske grunnlova. Frå mars til juli 1999 sona han fire månader av ei ti månaders fengselsstraff han vart idømd for å «oppeldna til religiøst hat». Erdoğan og hans fløy av Velferdspartiet stifta AKP i 2001. Ved valet 3. november 2002 vart AKP det største partiet med 34,3 % av røystene. Det vann reint fleirtal i parlamentet. Erdoğan var ikkje kandidat ved dette valet, fordi straffedømde ikkje hadde høve til å stilla til val etter grunnlova. Abdullah Gül frå AKP vart mellombels statsminister. Grunnlova vart endra slik at Erdoğan fekk høve til å verta innvald i parlamentet, og 14. mars 2003 tok han over som statsminister.
Erdoğan er gift med to søner og to døtre.
Føregjengar: Abdullah Gül |
Statsminister i Tyrkia (2003–)
|
Etterfylgjar: |