Samband
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samband er kommunikasjon, særleg innan militæret. Nokre sambandsformer:
- Linjesamband - Det er faste linjer mellom operatørane.
- Radio - Operatørane kommuniserar ved hjelp av apparat som kan sende ut og ta imot radiobølgjer på ymse frekvensar.
- Stemme - Operatørane nyttar mikrofon og høgtalar for å sende og motta tale gjennom ein radio.
- Morse - Operatørane nyttar ein morsenøkkel for å sende meldingar på morsealfabetet.
- Fjernskrivar - Er eit apparat som kan sende og motta tekst som datasignal gjennom ein radio.
- Kringkastar - Nyttar dei same prinsippa som fjernskrivaren, men kommunikasjonen går berre ein veg.
- Blink - Operatørane nyttar ein lyskastar som kan blendast for å sende meldingar på morsealfabetet.
- Semafor - Operatørane nyttar flagg eller lett synlege plater som dei held i hendene for å kommunisere gjennom eit semaforalfabet. Dette alfabetet går ut på at operatøren held armane i spesielle posisjonar i høve til kroppen. Kvar posisjon tilsvarar ein bokstav.
[endre] Sjå òg
![]() |
Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han. |
Sjå òg: Oversyn over spirer. |