Samisk utdanningsråd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samisk utdanningsråd var eit organ for samisk skoleutvikling. Det vart nedsett ved kongeleg resolusjon 8. desember 1975 som eit rådgjevande organ for Kyrkje- og utdanningsdepartementet.
Rådet vart lagt inn under Sametinget i 2000, under namnet Sametingets utdanningsavdeling. Samisk utdanningsråd låg i Kautokeino, det same gjer Sametingets utdanningsavdeling.
[endre] Det første utdanningsrådet
Det første utdanningsrådet hadde desse medlemmene:
- Hans Eriksen, Karasjok (leiar)
- Ole Einar Olsen, Kautokeino
- Albert Johansen, Tana
- Ole Henrik Magga, Kautokeino
- Ella Holm Bull, Snåsa
- Mikal Urheim, Tysfjord
- Hans Guttorm, Karasjok
- Edel Hætta Eriksen, Kautokeino
![]() |
Denne artikkelen med samisk tema er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over samiske spirer. |