Seattle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seattle er den største byen i den amerikanske delstaten Washington. Innbyggjartalet i byen er 573 000 (2005), i byområdet 3,8 millionar.
Seattle er berømt mellom anna som heimbyen til TV-serien Frasier og kafékjeda Starbucks. Byen blir dessutan ofte forbunde med Grunge-rørsla og Kurt Cobain, kjente delar av musikkbiletet på starten av 90-åra.
Seattle er også ein av byane i USA med flest norsk-amerikanarar, det blir til dømes arrangert 17. mai-tog her kvart år.
Byen husar laget Seattle Seahawks i amerikansk fotball, samt baseball-laget Seattle Mariners og korgball-laget Seattle Supersonics.
Like sør for byen ligg hovudkvarteret til Boeing, og aust for byen (i Redmond) ligg hovudkvartertet til Microsoft.
I 1999 var det store demonstrasjonar i Seattle i samband med eit WTO-møte.
[endre] Verdt å sjå
- Tårnet Space Needle
- Pike Place Market
- Seattle Aquarium
![]() |
Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.
Sjå òg: Oversyn over geografispirer. |