Senter for samiske studier ved Universitetet i Tromsø
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Senter for samiske studier ved Universitetet i Tromsø er eitt av fleire sentra som Universitetet i Tromsø har oppretta for satsingsområda sine. Senteret vart oppretta av universitetsstyret i 1990. Målsetjinga er å bidra til at forskning og undervisning ved Universitetet i Tromsø som har relevans for det samiske samfunnet, betre kan prioriterast og samordnast. Universitetet har vedteke ein samisk strategiplan, ei oppgåve for Samisk senter er å følgje opp denne planen.
Samisk senter har åtte administrativt og fem vitskapleg tilsette. Administrativ leiar for senteret er Else Grete Broderstad.