Severin Brørby
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berg, SigrunSeverin Petter Brørby (fødd 1932 på Hønefoss, død 2001) var ein norsk glaskunstnar og formgjevar.
Innhaldsliste |
[endre] Utdanning
Utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. Fagutdanna gravør.
[endre] Arbeid
Han vart tilsett ved Hadeland Glassverk i 1956. Der formgav han kunstglas i K-glass programmet til Hadeland. Nummera hans i K-glass-serien er 7000-serien, det vil seie kunstglasverk gravyrmerka Hadeland 7XXX under botnen. Dei merka også ting SB eller Severin og det vart også brukt etikettar der det stod Severin. I tillegg til kunstglas formgav han mellom anna bruksglasserien Furu som dei framleis lagar på Hadeland, og ein serie glaskrukker med blått lokk som heitte Barbara og ein serie skåler, fat og vasar som heitte Marina. I 1984 slutta han ved Hadeland og fekk seg eiga glashytte på Åmot i Modum. Der laga han glas som var friare i både form og fargeval enn på Hadeland, med mjukare former og større preg av å vere handlaga.
[endre] Prisar og utmerkingar
[endre] Representert ved desse samlingane
Mellom anna:
- Corning Museum of Glas, New York
- Kunstindustrimuseet i Oslo
- Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, Trondheim
- Vestlandske Kunstindustrimuseum, Bergen
[endre] Kjelder
- Red. Erik Zahle - Brukskunst i hjemmet, Nordiske Fagbøker
- Rolf Simeon Andersen og Astrid Olsen - Moderne Antikviteter II: norsk glass, kunstnere og signaturer 1900-1970. ISBN 82-520-3560-4